program
kjøp billett

Minneprisen

Anton Holtens minneprisutdeling

Den 23. september 2017 mista familie, venner og sambygdingar Anton Holten i ei ulukke i Bergen. Anton har vore med i dugnadsarbeidet før, under og etter festivalen i fleire år, og ikkje lenge før han omkom hadde han til og med sagt ja til å vera med i styret. Etter innspel frå tidlegare leiar, Anne Cecilie Berntsen, blei det diskutert moglegheita om å arrangera ein minnekonsert for å heidre Anton.

Med støtte frå familien tok tidlegare styremedlem i rootsen Øyvind Blikra ideen vidare, og det blei avgjort at dette skulle me vera med på. Minnekonserten blei arrangert 17. februar 2018, og Tom Roger Aadland, Elisabeth Kristensen, Pakkers og FYK spelte. Samstundes blei Anton Holtens Minneforening oppretta. Inntektene frå kvelden blei nytta til å starta ei prisutdeling av to prisar. Den eine prisen går til ei ildsjel, som me meiner Anton var. Den andre prisen går til eit ungt musikartalent som speglar Anton sin innsats for Rootsen i mange år.

I år blir det delt ut ein eldsjelpris og ein musikkpris, der vinnarane mottek ein sjekk som kan nyttast slik dei sjølve vil.

Konferansier på prisutdelinga er Jarle Nordtveit Aasheim.

Historie

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.